Startproblem, ujamn gange, manglande effekt eller ein motor som stoppar? Eg tilbyr praktisk feilsøking på påhengsmotor hos kunden, der båten står på land eller på oppstillingsplass.
Vanlege symptom
- Motoren er tung å starte eller startar ikkje
- Motoren går berre med ekstra gass eller stoppar på tomgang
- Ujamn gange, fusking eller manglande effekt
- Problem med kjøling, drivstoff eller elektrisk anlegg
- Varsellamper, lydar, lekkasjar eller andre endringar
Ryddig feilsøking
Feilsøking startar med symptom, historikk og ein grunnleggjande kontroll. Eg undersøker dei mest sannsynlege årsakene først og held deg orientert om funn og vidare val.
Det er ikkje alltid mogleg å vite omfanget på førehand. Difor avtaler vi ei tydeleg ramme. Dersom feilen krev omfattande demontering, spesialutstyr eller større reparasjon, blir dette avklart før vidare arbeid.
Dette bør du sende
- Motormerke, modell, hk og årsmodell
- Ei kort forklaring på symptomet og når det oppstår
- Kva som nyleg er gjort med motoren
- Video eller bilde dersom feilen kan dokumenterast
- Kor båten står
Område
Feilsøking blir primært utført mobilt i Øygarden. I enkelte tilfelle kan feilsøking gjerast medan båten ligg på sjøen. I friperiodar tek eg også enkelte oppdrag i Lillesand etter avtale.